Private kan få utarbeide områdeplan for Sulafjellet:

Skjebnen til gondolbana kan vere avgjort om éin månad

I starten av mars avgjer politikarane om Flakk-gruppen får gå vidare med planane om gondolbane på Sulafjellet. Før ein kjem så langt skal det haldast eit informasjonsmøte.

Protesterte med faklar: I romjula vart det arrangert ein såkalla lysprotest mot planane om gondolbane på Sulafjellet.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Saka kom veldig fort opp og har skapt usikkerheit. Vi ønskjer ikkje å skape unødvendig uro, redsel og frykt, seier Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll til Sunnmørsposten onsdag føremiddag.