Eman Alloush frå Syria gler seg over gode framtidsutsikter:

Frå flyktning til fagutdanna og fast jobb

Eman Alloush frå Syria innsåg at draumen om å skrive barnebok vart vanskeleg å realisere i Norge. Utdanninga innan økonomi heldt heller ikkje til jobb. Så fekk ho sjansen til å ta utdanning som tannhelsesekretær, og nyleg fekk ho fast jobb.

Takksam: Eman Alloush starta fagutdanning som tannhelsesekretær berre halvtanna år etter at ho kom til Stryn. I februar fekk ho fast jobb ved Oris Dental Eikås klinikken på Nordfjordeid. – Eg vil seie masse takk til kommunen, flyktningtenesta og NAV som gav meg sjanse til å ta utdanning, seier ho.   Foto: ROY ARON BRENVIK MYKLEBUST, Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen): Alloush kom til Norge i 2015. Ho vart busett i Årdal etter opphald på flyktningmottak i Oslo, men i samband med eit besøk til vener i Stryn fann ho ut at ho likte seg så godt at ho ville flytte hit. Ho kontakta kommunen med spørsmål om dette let seg gjere, og berre ti dagar seinare var ho på plass i Stryn. Først åleine, men etter kvart kom også familien etter. I dag har både ho og mannen funne seg godt til rette. At begge har ein jobb å gå til er ein viktig grunn til det.