Alle er einige i at båten er for dyr, men kva er løysinga?

Vil bruke bypakke-pengar på båten

Frank Sve (Frp) er redd Ålesund by kan bli isolert som følgje av høge hurtigbåt- og ferjeprisar og bompengar. Løysinga hans er å bruke bypakkepengar på billegare båt mellom Hareid og Ålesund.

- Handlar om prioriteringar: Frank Sve (Frp) meiner det er betre å bruke pengar på billegare hurtigbåt enn bypakke i Ålesund.  Foto: Staale Wattø (arkivfoto)

Nyheter

– Folk på indre og søre vegrar seg allereie for å reise til Ålesund, fordi det er så dyrt. Kjem det bompengar i tillegg så kan byen nærast bli isolert for folk utanfrå, i tillegg til alle ulempene det gir for folk inn i byen, seier Frank Sve, Frp sin fylkesleiar og andrekandidat på stortingslista.