Kongeørn stakk av frå fugleeksperten

I 40 år har ornitolog Alv Ottar Folkestad hatt medtekne eller skadd ørn til forpleining i eit spesialbygd hus. Men kongeørna han fekk inn frå Sykkylven i jula, braut seg ut. Det har aldri skjedd før.

Kongeørn: Olav Harald Ulstein i viltnemnda i Sykkylven tok hand om kongeørna, før Alv Ottar Folkestad tok over.   Foto: Privat

Nyheter

– Eg har hatt fleire titals ørn i denne innhegninga, laga av treveggar – og med netting i taket. Men ingen har tidlegare greidd å bryte seg ut. Så dette viser berre at denne ørna var klar for å bli sett ut igjen, seier Alv Ottar Folkestad til Sunnmørsposten.