Derfor vil Framstegspartiet ha gratis ferjer til evig tid:

- Dette handlar om å bygge landet

Får Frp det som dei vil blir det gratis å reise med ferje neste stortingsperiode – og til evig tid. – Dette er ikkje berre god distriktspolitikk, men bra for heile landet, meiner Sylvi Listhaug og Frank Sve.

Valkamp: Frank Sve og Sylvi Listhaug er Frp sine kandidatar frå Møre og Romsdal til stortingsvalet til hausten. Fredag kunngjorde dei at ferjeprisane blir ei viktig valsak for partiet. Det skjedde under ein ferjetur mellom Sulesund og Hareid.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Eg vaks opp på gard og veit det handla om å overlevere garden i betre stand til neste generasjon. På same måte vil vi at landet vårt skal vere betre for neste generasjon enn no. Vårt forslag vil gjere heile Norge betre, seier Listhaug.