Meiner ferjene må sjåast på som vanleg veg:

Frp vil ha gratis ferjer

Tidlegare i år lovde Arbeidarpartiet 50 prosent billegare ferjer i løpet av komande stortingsperiode. No får dei konkurranse om ferjeveljarane frå Framstegspartiet. Dei vil ha 50 prosent billegare ferjer allereie no og gratis ferjer neste periode.

Kastar seg inn i kampen om ferjeveljarane: Sylvi Listhaug kjem til Hareid fredag føremiddag for å legge fram eit forslag om gratis ferjer neste stortingsperiode.  Foto: Terje Bendiksby (NTB Scanpix)

Nyheter

Dei lokale stortingskandidatane Sylvi Listhaug og Frank Sve kjem til å kome med fleire detaljar om forslaget seinare fredag, men Listhaug røper til Sunnmørsposten at forslaget om 50 prosent billegare ferjer så fort som mogleg skal vere ein del av ein krisepakke som følgje av koronasituasjonen.