I denne dalen gjeld det å ha nok ved

- Eg blir 95 i april, og har opplevd mange harde vintrar. Men det er ikkje vanleg at kulden varer så lenge som han har gjort i år. Det seier Knut Petter Myklebust i Follestaddalen, og legg inn på ei vedskie til.

Fyring: - Sonen min ber inn ved til meg kvar dag, seier Knut Petter Myklebust i Follestaddalen - og hiv innpå ei skie til.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Vi er altså i Ørsta, nærare bestemt i Follestaddalen. Her er dei vande med mange kuldegrader.