Brann i einebustad

Søndag ettermiddag kl. 16.30 melde politiet om ein bustadbrann i Stryn sentrum.

  Foto: Fjordingen/Thomas Thaule.

Nyheter

Denne saka vart først publisert i Fjordingen, av: Thomas Thaule.

Brannmannskap frå Stryn, Olden og Volda var på plass i Seljevegen i Stryn sentrum.

  Foto: Fjordingen/Thomas Thaule.

– Brannmannskapa har rimeleg bra kontroll, og det er ikkje fare for at brannen skal spreie seg, sa Vidar Stavik ved Stryn lensmannskontor.

Brannen vart ifølgje Stavik oppdaga av naboar. Ingen personar oppheldt seg i huset som tok til å brenne. Det var mykje røyk i området.

– Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen, seier Stavik.

Politipatrulje på staden vil setje i gang etterforsking, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Fjordingen/Thomas Thaule.

  Foto: Fjordingen/Thomas Thaule.

  Foto: Fjordingen/Thomas Thaule.