No startar rekruttering av ny kommunedirektør:

Astrid Eidsvik seier opp stillinga og blir pensjonist frå 1. juli

Kommunedirektør Astrid Eidsvik i Ålesund kommune har valt å seie opp si stilling frå 1. juli. Då blir ho pensjonist.

Sluttar i kommunen: Astrid Eidsvik blir pensjonist frå sommaren 2021.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Det er heilt udramatisk at eg vel å pensjonere meg, eg ønsker meir tid til andre ting enn berre jobb, heiter det i ei pressemelding frå Ålesund kommune.