Satsar for fullt på Nedreskodje gard:

– Bygdene treng gode møteplassar

– Når møteplassane forsvinn, blir bygdene utarma. Vi vil at dette skal bli ein stad der folk kan kome saman.

Rundt bålet: Bjørn Nedreskodje t.h. saman med Hallgeir Øvrebust som er styreleiar både for Fjord Cadenza og Skrøppatusene AS. Begge skal samarbeide med Nedreskodje gard.   Foto: Dagfinn Lillebø

Nyheter

Bjørn Nedreskodje har tent opp i bålpanna nede ved Skodjevika som ligg spegelblank og vintervakker. Yrkeslivet som lærar, rektor og skulebyråkrat er over. No er han klar for neste etappe.