Deltidsbrannfolk frå Ålesund, Sula og Giske:

– Vi ønskjer å bli sett pris på, og vil ha lik løn for likt arbeid

Dei er første skanse i beredskapen og ofte framme før politi og helse. No reagerer deltidsbrannfolk på nye arbeidsvilkår i Ålesund brannvesen. Tilsette i Skodje og Ørskog har fått lønstillegg redusert med fleire tusen kroner.

Står saman: Etter samanslåinga enda fleire deltidsbrannfolk opp med dårlegare lønstillegg. Her er tillitsvalde deltidsbrannfolk frå Ålesund, Sula og Giske samla. Dei ønskjer lik løn og like vilkår. – Det handlar om å bli verdsett og om å ikkje skape uheldige klasseskilje.   Foto: Thomas Fure

Nyheter

Frå 2020 blei fem brannvesen til eitt. Ålesund brannvesen har òg overtatt ansvaret for Sula og Giske brannvesen. Det har gitt nye arbeidsvilkår for deltidstilsette brannkonstablar.