Innbyggjarar ber politikarane snu i gondolsaka - før det er for seint:

– Liva våre blir snudd opp ned

Mange innbyggjarar meiner at dei ikkje har blitt høyrde i saka om kor vidt det skal kome ei gondolbane i Sula. Måndag fekk fleire av dei eit etterlengta besøk frå lokale politikarar.

På omvising: Vivian Østrem peiker på punktet over hustaket der det er planlagt ei gondbolbane. Frp-politikar Øystein Båtnes til høgre og gondol-motstandar Sindre Mørkedal til venstre.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Planane om gondolbana råkar heile bustadfeltet her. Liva våre blir snudd opp ned. Og når vi tek til motmæle får vi beskjed om at vi ikkje snakkar faktabasert, seier Vivian Østrem, som bur på Molvær i Sula.