Fylket legg ein million på bordet til Hafast

Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok måndag å gi ein million kroner i støtte til Hafast.

Jublar: Dagleg leiar Lene Trude Solheim og styreleiar Harald Tom Nesvik i Hafast er glade for at fylkeskommunen gir ein million til Hafast.  Foto: Hafast

Nyheter

– Dette er eit viktig signal som er til stor inspirasjon for det vidare arbeidet vi skal gjere inn mot politikarane og i arbeidet med Nasjonal Transportplan, seier Harald Tom Nesvik, styreleiar i Hafast, i pressemelding.