Ulukke i Markane i fjor: Saka henlagt

Politiet har henlagt saka der to bilar frontkolliderte på rv 15 ved avkøyringa til Sindre 20. mai i fjor.

Henlagt: Politiet har henlagt saka der to bilar kolliderte på rv 15 ved avkøyringa til Sindre og sør-Markane 20. mai 2020.  Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen): – Saka er henlagt på bevisets stilling. Undersøkingar på staden viste at kollisjonen skjedde i venstre køyrefelt retning vestover. Det er vi heilt sikre på. Men slik saka står, var det ingen vitne til ulukka. Dei involverte hugsar ikkje noko frå sjølve hendinga, heller ikkje kva som skjedde rett i forkant, seier politibetjent Jan Tore Sunde.