Mogleg mutasjon:

Sommerdalen: – Førebels ikkje aktuelt å stenge

Ålesund ventar framleis på prøvesvaret frå Viken etter at ein person var på besøk i kommunen. Ikkje aktuelt å stenge offentlege møteplassar, seier kommunelegen.

Kommunelege Aleksander Linge Sommerdalen.  Foto: Ålesund kommune

Nyheter

Torsdag kveld fekk Ålesund kommune melding frå FHI om at ein person som har vore i Ålesund har testa positivt for ein mutert virusvariant.

No ventar kommunelege Aleksander Linge Sommerdalen og resten av kommunen spent på prøvesvaret.

– Når kjem svaret?

– Det veit eg ikkje. Personen er no testa i Viken, og vi får meldt svaret derfrå så snart det er klart, seier Sommerdalen.


Mulig mutasjon-smitte i Ålesund - dette sier kommunelegen

Ålesund kommune har fått melding fra FHI om at en person som har vært i Ålesund, har testa positivt for en mutert virusvariant. Samtidig er en nærkontakt mistenkt smitta. Denne personen har vært på Bybadet, Barnas leikeland, Café Milano i Spjelkavika og Stordalen alpinsenter.


Torsdag kveld uttalte han til Sunnmørsposten at dei rekna med å få prøvesvaret i løpet av fredag føremiddag.

Blir ikkje stengt

Sommerdalen seier stenging av offentlege møteplassar ikkje blir vurdert enno.

– Det er førebels ikkje aktuelt å stenge.

– Kvifor er de så rolege?


Varsel om mulig smittesituasjon:

Tror over 200 kan ha badet samtidig med en mulig smittet

Bybadet, Barnas lekeland, Cafe Milano og Overøye Arena er stedene der en mulig smittet person med mutert virus har vært innom i vinterferien. Dette sier lederne.


– Vi føler ikkje vi tar det så roleg, og vi handlar i samråd med FHI og statsforvaltar. Eg vil seie vi har slått ein større ring rundt denne saka enn ved tidlegare saker, seier kommunelegen.

No føregår vidare smittesporing, samtidig som dei ventar spent på testsvaret.

Sende ut sms

Sommerdalen seier dei har fått lister frå Bybadet og Barnas Leikeland og sendt ut sms til dei som har vore der i dei aktuelle tidsromma, altså høvesvis søndag føremiddag mellom 10.30-13.00 og laurdag ettermiddag 14.30-16.30.

Kommunelegen seier dei jobbar med å få inn lister frå Stordalen alpinsenter, og at dei sender ut varsel så snart dei får desse.


Barnas lekeland:

Hadde mellom 60 og 70 besøkende

Ann Kristin Angelsen i Barnas lekeland forteller at hun fikk melding fra kommuneoverlegen torsdag ettermiddag om at en person som var innom lørdag mellom 14.30 og 16.30 er mistenkt smittet.


Mottakarar av sms er oppfordra om å teste seg. Dei er sett i ventekarantene, det vil seie å minimere kontakt med andre til dei får negativt prøvesvar.

– Det er sannsynlegvis ei stor mengd personar som skal bli testa på dei lokale teststasjonane.

Sommerdalen har ikkje oversikt over kor mange som har fått sms-varsel og/eller er i ventekarantene.

Barnas Lekaland har tidlegare meld til Sunnmørsposten at dei hadde mellom 60 og 70 innom i det aktuelle tidsrommet, medan talet Bybadet har uttalt at talet er rundt 200.