Berre fem nyutdanna lærarar i år

I år blir det berre fem nyutdanna grunnskulelærarar som går ut av dørene ved Høgskulen i Volda. Årsaka er omlegginga av lengda på utdanninga, frå fire til fem år.

Lærarutdanning: Frå 2017 vart lærarutdanninga i Volda, og i resten av landet, femårig. Det vil seie at dei første studentane er ferdige neste år. (Arkivbilde)   Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

– Eg vil tru at det kjem til å merkast rundt om i landet at det kjem så få nyutdanna lærarar i år. For dette gjeld jo for lærarutdanninga over heile landet, at det frå 2017 vart innført femårig lærarutdanning.