Politikk:

Ho er ny i fylkesstyret

Møre og Romsdal KrF hadde digitalt fylkesårsmøte i dag 13. mars, der mellom anna Renate Giske frå Giske vart valt inn som styremedlem i fylkesstyret frå Sunnmøre.

Renate Giske, KrF 

Nyheter

I tillegg til henne vart Andreas Gjerde Ulvund frå Sunndal valt inn som styremedlem frå Nordmøre, og Knut Ståle Morsund frå Molde vart attvalt som styremedlem frå Romsdal.

Morsund har siste året også vore 2. nestleiar i fylkesstyret.

I tillegg til desse tre består KrF sitt fylkesstyre av følgande som ikkje stod på val:

Randi Walderhaug Frisvoll, Grytastranda – fylkesleiar, Victoria Smenes, Kristiansund -1. nestleiar, Åge Vikestrand -Tennfjord, Svein Atle Roset -Eidsvåg i R., Ellen Schiøtt, Vestnes – kvinnepolitisk leiar.

I tillegg er Harry Valderhaug frå Valderøya og Henning Holsvik frå Volda medlemer i fylkesstyret i kraft av sine verv som høvesvis nestleiar i KrF si fylkestingsgruppe og fylkesleiar i KrFU.

Det er KrF som informerer om dette i ei pressemelding. I den står det òg at tidlegare statsminister og partileiar Kjell Magne Bondevik deltok på møtet. Det var dessutan tale ved partileiar Kjell Ingolf Ropstad, og innlegg ved stortingsrepresentant Steinar Reiten. Sykepleierforbundet stilte også med eit innlegg. I tillegg var det behandling av resolusjonar, vanlege årsmøtesaker og val av delegatar frå fylkeslaget til KrF sitt landsmøte i slutten av april. Fylkesårsmøtet vart avslutta med ei helsing frå Harry Valderhaug, som er fylkespartiet sin 1.-kandidat til stortingsvalet.

Fylkesårsmøtet vedtok to resolusjonar – «Ja til fleire med miljøterapeutisk kompetanse i skulen» og «Viktig med etablering av PCI-senter i Møre og Romsdal».

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter