Kommuneoverlegen: – Ser lovande ut, men vi har framleis ikkje kontroll

Smittevern: Kommuneoverlege Marte Vaage Øie i teststasjonen saman med smittevernlege Johanne Ressem.  Foto: Svein Nordal, Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt): Kommuneoverlege Marte Vaage Øie er forsiktig optimist med tanke på utbrota av mutert korona på Vartdal/Ørsta og i Volda. – Vi fekk tilbake svært mange testsvar seint søndag kveld, men ingen nye positive, fortel ho.

I førre veke vart det testa 1123 personar i Ørsta-Volda, dei aller fleste frå torsdag og ut veka. Tre personar i Ørsta kommune fekk påvist den britiske varianten av koronaviruset, og tre elevar ved Volda vidaregåande skule fekk også påvist mutert koronavirus.

Måndag føremiddag er det enno ikkje klart om Volda vgs-elevane er smitta av brasiliansk eller sørafrikansk variant av korona.

Personar med symptom får ny test i dag

– Heile 5,24 prosent av befolkninga i Ørsta-Volda testa seg førre veke, så folk har tatt ansvar og vore flinke. Alle skal testast på nytt i løpet av onsdag, torsdag og fredag, så det er ikkje før komande helg vi vil vite kor mange som vart smitta her lokalt i denne omgang, seier Vaage Øie.

Men legg til at det er snakk om svært smittsame variantar av koronaviruset, så dermed fryktar ho at det blir fleire.

– Og då håper vi at det er folk som allereie er i karantene og er registrert som nærkontaktar, seier kommuneoverlegen.

Som fortel at ein på teststasjonen i Hovdebygda i løpet av måndagen skal teste på nytt personar som har fått symptom etter at dei testa negativt før helga.

– Så det er sjølvsagt for tidleg å konkludere, og vi kan enno ikkje seie at vi har kontroll på utbrota, understrekar Vaage Øie.

Framleis ukjend smittekjelde på Ørsta/Vartdal

Framleis er ikkje smittekjelda til utbrotet av britisk korona på Vartdal funnen.

– Men sidan vi i det utbrotet ikkje har registrert fleire smitta sidan torsdag, er det grunn til å vere forsiktig optimist. Det vi frykta, var at det hadde vore uoppdaga villsmitte ei tid på Vartdal. Men – at vi no ikkje har registrert fleire smitta på mange dagar, tyder på at det ikkje var tilfelle, seier Vaage Øie.

Smitte utanfrå i Volda

Når det gjeld utbrotet av det som anten er brasiliansk eller sørafrikansk korona på musikklinja på Volda vgs., trur ein at ein har funne smittekjelda.

– Det er smitte som har kome til Volda frå ein annan kant av landet, seier Vaage Øie.

– Kvar i landet?

– Det vil eg ikkje kommentere.

Først publisert av Møre-Nytt