Mista mobilen i Israel – dukka opp i Valldal

Eyerus hjelpte til med å pakke klementinar heime i Israel, då ho mista mobiltelefonen sin. Fire veker seinare dukka den opp - i Valldal.

Valldal: Roiy Hellel hjelpte Anna Ringset hos Spar Valldal med å løyse gåta med mobiltelefonen i klementinkassa.   Foto: Alfred Nilsen/Storfjordnytt

Nyheter

– Telefonen låg på botnen av ei kasse med klementinar. Det er ei heilt utruleg historie, seier Anna Ringset, butikksjef hos Spar Valldal, til Sunnmørsposten.