Stor giverglede for Ulrik (4) som kan miste synet:

Samla inn over ein million kroner på under tolv timar

Den norske staten vil ikkje ta rekninga for at Ulrik Fure (4) skal få behalde synet, då dei synest det blir for dyrt. No har det blitt samla inn over ein million kroner til å redde synet til guten.

Kan bli blind: Ulrik Fure har ein sjeldan mutasjon av augesjukdommen Retinitis Pigmentosa. Dette gjer at han sakte med sikkert mister synet. Sjukdommen kan kurerast, men Norge meiner behandlinga er for dyr.   Foto: Even Ørjasæter, nyss

Nyheter

(Nyss.no): Engasjementet har ikkje latt vente på seg sidan TV 2 i helga presenterte historia om fireåringen Ulrik og foreldra Isabell Hagen og Widar Fure frå Straumgjerde i Sykkylven. På berre éin dag har det i skrivande stund blitt samla inn 1.204.647 kroner til å redde synet til den vesle guten. Då Ulrik var eitt og eit halvt år gamal blei det klart at han har ein mutert versjon av augesjukdommen Retinitis Pigmentosa (RP). Dette er den same augesjukdommen som Torger Sætre og tvillingbroren Joar frå Ikornnes også har. Tre av dei i alt åtte personane som har denne mutasjonen i heile landet bur altså i Sykkylven.