Augelegen vart flytta til Ålesund bak ryggen på kommunen

Ørsta-ordførar Stein Aam er svært lite glad for at Helse Midt-Norge har flytta augelegen frå Ørsta til Ålesund.

Ørsta-ordførar: Stein Aam er svært lite glad for at augelegen blir flytta frå Ørsta til Moa – og for måten Helse Midt-Norge gjer dette på.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

(Møre-Nytt:) «Vi meiner det er uakseptabelt at Helse Midt-Norge tek slik avgjerdsler og flyttar avtaleheimelen som har vore plassert i Ørsta, utan varsling eller dialog med kommunen, dei kommunale helsetenestene eller pasient- og brukarorganisasjonar», skriv ordføraren i ein epost til Helse Midt-Norge.