Vil ikkje overprøve avgjerdsforumet for nye metodar:

Dette svara statsministeren om svaksynte Torger

Sylvi Listhaug (Frp) stilte spørsmål i Stortinget om kva regjeringa kan gjere for Torger Inge Sætre frå Sykkylven og sju andre som riskikerer å bli blinde. Statsminister Erna Solberg (H) svara at ho ikkje vil gripe inn.

Måtte svare Listhaug: Statsminister Erna Solberg (H) fekk spørsmål om kva regjeringa kan eller vil gjere for dei som slit med ein mutert versjon av augesjukdommen Retinitis Pigmentosa (RP).  Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB (Arkivfoto)

Nyheter

– Det er vondt kvar gong vi ser at nokon får nei. Men vi kan ikkje forvalte ut frå medieoppslag eller å gjere eigne medisinske vurderingar, sa Solberg.