Flakk får regulere området for gondolplanane

Onsdag kveld sa kommunestyret i Sula ja til at Flakk Gruppen skal få gjennomføre ei områderegulering for stadane som er aktuelle for gondolplanane.

Vil ha ein grundig prosess: Sula-ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) ønskjer ein ryddig prosess der all relevant informasjon skal kome fram, slik ein unngår unødvendig frykt og redsel.   Foto: Camilla Hjelmeseth (arkivfoto)

Nyheter

Ei områderegulering går ut på at kommunen, eller ein privat aktør som dei delegerer oppgåva til, lagar ein plan for eit bestemt område i kommunen. Ei slags skisse og konsekvensutgreiing. Når områdereguleringa er klar, skal politikarane godkjenne eller underkjenne den. Dette er berre første steg i prosessen for ei utbygging.