Påskevêret: Oppfordrar til å vente med å køyre over fjellet

Meteorologisk institutt skriv torsdag at det er venta opptil stiv kuling i fjellet i Sør-Norge på fredag. Dei oppfordrar folk til å utsette avreise til laurdag morgon om du skal krysse nokon av fjellovergangane.

Lågtrykk. Meteorologane melder lågtrykk i påsken.  Foto: Meteorologisk institutt/Twitter

Nyheter

Saman med snøbyger kan den sterke vinden føre til snøfokk, skriv Meteorologisk institutt i ei twittermelding klokka 11.12.