Stryn-firma lanserer spylarvæskeautomat

– Kan ha eit enormt potensial

Ambisjonane for produktet er av den internasjonale sorten.

Lokalt: – Produktet er 100 prosent utvikla her på huset, seier (f.v.) systemutviklar Vidar Heltne, embedded-utviklar Arthur Richard og ingeniør Ard Kleppe, som har vore sentrale i utviklinga av spylarvæskeautomaten som no skal ut på marknaden.   Foto: Roger Oldeide / Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen): – Dette kan bli eit veldig viktig produkt for oss. Vi er spente på mottakinga, men interessa i marknaden er stor. Potensielle kundar i 11 land har vore i kontakt med oss og meldt interesse, seier dagleg leiar i Vendanor, Harold Wieldraaijer.