Meiner mange spørsmål i Kvasnes-saka framleis heng i lufta:

- No må nokon drage i naudbremsa

Digitale folkemøte gir ikkje god nok informasjon om kloakkreinseanlegget på Kvasneset, meiner innbyggjarar på begge sider av fjorden. No fryktar dei politikarane kan gjere vedtak på sviktande grunnlag i juni.

Bekymra innbyggjarar: Håvard Vollset Lien og Elin Drønnen fotograferte på Vegsundstranda. I bakgrunnen ser vi Flisholmen og Kvasneset (til høgre), der det blir planlagt eit nytt kloakkreinseanlegg for Ålesund og Sula. Den mest aktuelle plasseringa for anlegget per no ser ein lengst til høgre på dette biletet.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Vi opplevde det heile som villeiande. Informasjonen som kom var lite nyansert. Det bekymrar meg, seier Elin Drønnen, busett i Vegsund.