Pandemien slo hardt ned i sunnmørskommune

I løpet av få dagar fekk Fjord kommune 24 koronasmitta personar. Det er mykje i ein kommune med berre 2.600 innbyggarar. Fleire stader er det no tilbod om heimkøyring av mat.

Fjord kommune: Valldal - kommunesenter i Fjord kommune og ei av bygdene som dei siste dagane har fått merke koronapandemien på nært hald. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Dette viser berre kor labil situasjonen er, og kor fort den kan eskalere. Så det er utruleg viktig at folk no følgjer karantenereglane, og elles held avstand til kvarandre.