Ekstremt store bølgjer på Runde:

Brøytebilen måtte fjerne tang og stein

Slik såg det ut på land på Runde tysdag morgon etter at kjempestore bølgjer hadde slått inn over land: Stein, tang, rusk og rot vart slengd langt inn på land.

Opprydding: Slik såg det ut på bilvegen på Runde etter at bølgjene hadde herja frå seg.   Foto: Knut Asle Goksøyr

Nyheter

– Vi stod og snakka om dette no, nokre seniorar her ute. Og vi kom til at sist det var like stor sjø var kanskje så langt tilbake som i 1993. Og då vart det større skade på land, fordi det i tillegg var høg flo.