Sluttar i kommunen - har lyst tilbake til kyrkja

Ann Kristin Langeland har sagt opp som assisterande kommunedirektør i Volda. Ho har lyst til å arbeide i kyrkja igjen.

Sluttar: Ved årsskiftet 2019/2020 pakka Ann-Kristin Langeland seg ut frå rådhuset i Hornindal. Til sommaren blir det ein ny runde. Då sluttar ho i Volda kommune. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Det er ei tid for alt, og dette er noko eg har tenkt over ei stund. No skal eg bruke våren til å sondere litt. Eg har ingen ny jobb å gå til, men har eit ønske om etter kvart å vende tilbake til kyrkja som arbeidsplass, seier Langeland til avisa Fjordingen – og avviser at det ligg noko dramatikk bak avgjerda.