«Eemslift Hendrika»:

Startar bergingsaksjonen onsdag morgon

Det nederlandske bergingsselskapet Smit Salvage har også tidlegare utført krevjande operasjonar.

Startar onsdag morgon: Bergingsaksjonen av «Eemslift Hendrika» startar onsdag morgon, opplyser Hans-Petter Laahne Mortensholm, beredskapsdirektør i Kystverket.  Foto: HRS/redningshelikopter

Nyheter

Eigaren av «Eemslift Hendrika» har engasjert bergingsselskapet Smit Salvage for å prøve å berge lasteskipet som no driv utan motorkraft vest for Ålesund. Personell frå selskapet blir onsdag morgon frakta ut til havaristen for å starte operasjonen.