«Eemslift Hendrika»:

– Sannsynleg at fartøyet blir tatt inn i ålesundsområdet

Bergingsaksjonen av «Eemslift Hendrika» er sett på vent til torsdag morgon, og ifølgje beredskapsdirektør i Kystverket er det lite sannsynleg at fartøyet no kan drive i land.
Nyheter

Onsdag ettermiddag vart det klart at bergingsaksjonen av «Eemslift Hendrika» har blitt utsett til torsdag morgon. Beredskapsdirektør Hans Petter Mortensholm i Kystverket seier til Sunnmørsposten rett før klokka 15 at avgjersla var tatt basert på vurderingane frå helikoptermannskapet og Hovudredningssentralen Sør-Norge.