Har samla mange nok underskrifter:

Kan bli omkamp om gondol-saka

Tysdag kveld starta Jan Arne Sletta eit såkalla innbyggjarinitiativ for å få behandla gondolsaka i Sula på nytt. Han har for lengst samla inn mange nok underskrifter.

Vil ha opp saka på nytt: Jan Arne Sletta samlar inn underskrifter til eit såkalla innbyggjarinitiativ.  Foto: Privat

Nyheter

Basert på innbyggjartalet i Sula måtte Sletta ha 186 underskrifter. Per onsdag klokka 15.00 hadde han nesten 300.