Smitteutbrotet i Ørsta:

– Tek utgangspunkt i at dei er smitta av britisk mutant

Mellom 6. og 8. april har Ørsta kommune fått melding om til saman 23 smittetilfelle. Tre av dei smitta hadde fått første vaksinedose.

Koronatesting: Torsdag sette teststasjonen i Hovdebygda testrekord. 450 personar var innom og testa seg, i tillegg til at tilsette og bebuarar ved Bakk-Ola-marka og Ørstaheimen vart testa. Frå venstre: Britt Juvkvam, Linda Nedrelid Vatne og Andrea Juliebø.  Foto: Lene Flataker

Nyheter

Det fyrste smittetilfellet i det pågåande utbrotet i Ørsta vart meldt 6. april. Onsdag, torsdag og fredag føremiddag melde kommunen om høvesvis 12, åtte og to nye smitta.