Ålesund kommune:

Fallande smittetrend og oversiktleg situasjon - no opnar treningssentera igjen

Tysdag kveld skriv Ålesund kommune i ei pressemelding at den lokale koronaforskrifta opphøyrer ved midnatt 13. april.

Nasjonale tiltak gjeldande: Eva Vinje Aurdal, ordfører i Ålesund kommune, seier i ei pressemelding at kommunen sin lokale koronaforskrift opphøyrer frå midnatt til 14. april. Då vil dei nasjonale tiltaka vere gjeldande.  Foto: Staale Wattø (arkiv)

Nyheter

Regjeringa har lagt fram nye nasjonale reglar som gjeld frå midnatt, natt til fredag 16. april. Det er dei nasjonale reglane som gjeld framover.

– Ålesund kommune har ein fallande smittetrend og ein oversiktleg situasjon. Vi vel derfor ikkje å forlenge den lokale forskrifta, seier ordførar Eva Vinje Aurdal i pressemeldinga.

Skule og barnehage på gult nivå

Frå onsdag denne veka vil skulane i kommunen gå over på gult nivå. Skular som har særskilde grunnar vil kunne halde fram på raudt nivå til og med fredag 16. april. Dette gjeld også dei vidaregåande skulane i Ålesund, skriv kommunen.

Den einskilde skule vil orientere elevar og foreldre om kvar undervisninga blir organisert frå onsdag av. Frå neste veke vil alle skulane ha undervisning i tråd med retningslinjene for gult nivå. Barnehagane vil som fortsette på gult nivå.

Opnar opp for trening

Når forskrifta opphøyrer kan treningssenter opne ifrå onsdag 14. april.

– Det er heller ikkje lenger påbod om bruk av munnbind. Likevel er det kommunen sine råd å fortsette å bruke munnbind i dei situasjonane der ein ikkje klarer å halde avstand.

Oppmoding: Sjølv om den lokale koronaforskrifta opphøyrer, oppmodar kommuneoverlege Olav Mestad folk om å følgje smittevernråda.  Foto: Staale Wattø

Frå fredag 16. april tilrår regjeringa å halde minst ein meter avstand til andre.

Sjølv om den lokale forskrifta opphøyrer vil det vere skjenkestopp fram til fredag 16. april, i tråd med dei gjeldande nasjonale reglane.

Kommuneoverlegen oppmodar likevel alle til å følgje smittevernråda.

– Koronasituasjonen er likevel ustabil og det kan kome fleire utbrot. Vi oppmodar alle om å følgje smittevernråda, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Dette er anbefalingane for heile landet

Hald ein meter avstand. Hald henda reine. Hald deg heime om du er sjuk.

Sosial kontakt

  • Alle bør avgrense sosial kontakt.
  • Det er oppfordra til å møte andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må kunne halde avstand (nytt).
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort. Barn, i tillegg til besøk frå eigen barnehage- og barneskulekohort, og unge kan ha besøk av eller gå på besøk til éin til to faste venner.

Reiser

  • Råd om å ikkje reise til utlandet. Strengt nødvendige reiser kan gjennomførast.
  • Unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er spesielt viktig til og frå område med høgt smittepress.
  • Ein kan reise på hytta eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport om det er mogleg.
  • Reiser til arbeids- og studiestad kan reknast som ei nødvendig reise.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør følgje anbefalingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.

Skule og barnehage

Barnehagane og skulane er på gult nivå i tråd med trafikklysmodellen.

Arbeidsliv

  • Heimekontor for alle som har moglegheit til det.

Handelsnæringa

  • Opent med smitteverntiltak jf. eigen bransjestandard og krav i forskrift.

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unnateken frå anbefalinga om ein meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.
  • Dersom barn og unge trener/øver med eit lag, foreining eller liknande i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrere med dette laget/denne foreininga så lenge smittesituasjonen tillèt det (nytt).
  • Barn og unge under 20 år som driv med idrett som ikkje inneber nærkontakt, som ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrets eller region der region brukast som geografisk inndeling.
  • Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil ti personar, så lenge dei kan halde minst ein meters avstand (nytt).
  • Utandørs kan vaksne drive organisert aktivitet, så lenge dei kan halde minst ein meters avstand (nytt).
  • Toppidrettsutøvarar kan trene som normalt, både utandørs og innandørs.

Høgare utdanning

  • Mogleg å vere på campus med forsterka smitteverntiltak. Tilgang til lesesalar og bibliotek. Større forelesningar og samkomer bør unngåast, undervisning i mindre grupper kan gjennomførast (nytt).