Har meldt Mattilsynet til politiet 

To inspektørar i Mattilsynet på Sunnmøre er melde til politiet for ulovleg avliving av ei mjølkeku.

Avliva: Mattilsynet meinte det var nødvendig å avlive kua på staden.   Foto: Privat

Nyheter

Mattilsynet hadde vore på inspeksjon på garden på Lepsøya 9. mars og følgde opp 16. mars. Inspektørane meinte då at ei ku ikkje var blitt betre sidan sist dei var der, og at kua leid. Dermed gjorde dei hastevedtak om avliving.