Ulsteinvikar er ny konsernsjef for Dagens Næringsliv-eigar

Ulsteinvikaren Trond Sundnes (bildet) er tilsett som konsernsjef i mediekonsernet NHST Media Group.  Foto: Øyvind Elvsborg / Dagens Næringsliv

Nyheter

(Vikebladet Vestposten:) Trond Sundnes (46) frå Ulsteinvik er tilsett som ny konsernsjef i mediekonsernet NHST Media Group. NHST er ei forkorting for Norges Handels- og Sjøfartstidende, som var namnet på avisa som vi i dag kjenner som Dagens Næringsliv – men som blei endra til sistnemnde i 1987.