X2-festivalen 2021:

– Håper folk får meirsmak av å oppleve festivalen gjennom livesendingane

Torsdag 15. april går årets utgåve av X2-festivalen av stabelen, og Sunnmørsposten strøymer direkte fleire av sportane i samarbeid med festivalen. Festivalsjefen lovar festivalstemning og eit fullspekka program.

Direkte: X2-festivalen gjennomfører sportane i år, men sender delar av den direkte. Mellom anna vert XFree sendt frå Trollbotn ved Ørsta skisenter på laurdag klokka 12. Biletet viser XFree frå X2-festivalen i 2018.  Foto: Olav Standal Tangen (arkiv)

Nyheter

På grunn av smitteverntiltaka tek festivalen i år ikkje imot deltakarar utanfor regionen Sunnmøre, og publikum vert oppmoda til å ikkje oppsøke sportsarenaene for å hindre at store grupper vert samla.