"Vårsleppet" blei langt meir dramatisk enn politikaren hadde sett føre seg:

– Veldig bra at vi fekk rulla bilen vekk frå pumpene

Vurderte skadane: Bileigar Oskar Grimstad i samtale med Hareid og Ulstein brannvesen etter hendinga der veteranbilen hans byrja å brenne. Grimstad takka både brannvesenet og snarrådige folk rundt han på bensinstasjonen som hjelpte han med å rulle bilen vekk frå drivstoffpumpene.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL.

Nyheter

(Vikebladet Vestposten) Oskar Grimstad er nok for dei fleste best kjend som ein erfaren lokalpolitikar – men også frå tida som stortingspolitikar for Framstegspartiet. Laurdag hadde han enkelt og greitt tatt seg ein tur til Circle K på Hareid for å fylle drivstoff på sin klassiske Mercedes 450SL, som hadde stått vinterlagra.