Aldri før har det vore så mange bubilar ved Flø Feriesenter:

– Det er heilt nydeleg her

Det sa Bente Kipperberg og Oddbjørn Sunde, som i helga var på Flø Feriesenter for første gong. På det meste var det 50 bubilar på campingområdet - noko som er ny rekord.

Oddbjørn Sunde og Bente Kipperberg var blant dei mange bubileigarane som hadde tatt turen til Flø Feriesenter i helga. Dei hadde aldri vore på Flø med bubil før, og storkosa seg i den milde vårsola.  Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, Vikebladet Vestposten

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): – Det er utruleg kjekt å sjå at så mange tek turen til Flø, seier Eldar Stein Flø, eigar og drivar av Flø Feriesenter, til Vikebladet Vestposten.