Reinhaldar hindra brann i kraftstasjon

– Eg lurte først på om nokon hadde brent brising i nærleiken. Men eg merka snart at sviddlukta kom inne frå sjølve kraftverket.

Klare til aksjon: Reinhaldar Ann-Kristin Lillebø saman med sjefen, Svein Vassbotn, som står klar med brannsløkkings-apparatet. Foto: Svein Nordal  

Nyheter

(Møre-Nytt) Tussa-reinhaldar Ann-Kristin Lillebø frå Ørsta feirar i desse dagar 25-årsjubileum som reinhaldar på Tussa sine etter kvart 23 kraftverk rundt om i distriktet. Og med slik fartstid lærer ein seg å bruke sansane: Ein veit nøyaktig korleis det skal lukte inne i kvart kraftverk, kva lydar som er normale, osv.