Listhaug ber Ålesund-politikarane om å snu i tide:

– Ikkje svikt dei som treng det mest

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug kastar seg inn i sjukeheimsdebatten i Ålesund kommune. No oppmodar ho lokalpolitikarane om å skjerme dei eldre og pleietrengande – og heller kutte i ikkje-lovpålagde tenester.

Meiner Ålesund-politikarane prioriterer feil: Sylvi Listhaug (Frp), her fotografert heime i Ørskog i fjor sommar, ber Ålesund-politikarane om å kutte i administrasjonen i staden for å legge ned sjukeheimplassar.  Foto: Staale Wattø (arkivfoto)

Nyheter

– Eg synest dette er forferdeleg. Eit vedtak om å legge ned 58 sjukeheimsplassar vil gå kraftig utover dei sjuke- og pleietrengande i kommunen, seier Listhaug til Sunnmørsposten.