Posisjonen i Ålesund meiner Sylvi Listhaug bommar med sin kritikk:

- Vi kjenner økonomien i kommunen betre enn henne

Ålesund-politikarane har allereie kutta innan mellom anna administrasjon og kultur, seier Siv Katrin Ulla (Ap), leiar i helse- og omsorg-komiteen i Ålesund.

- Har allereie kutta mykje: Siv Katrin Ulla (Ap) seier at det ikkje berre er innan helse og omsorg Ålesund kommune har kutta. Mellom anna har ein kutta djupt i administrasjonen.   Foto: Geir Strand (arkivfoto)

Nyheter

– Skulle det vise seg at det er endå meir å kutte på desse områda så skal eg ikkje avvise at det skjer, men vi har allereie kutta mykje, seier Ulla til Sunnmørsposten.