Meiner mange bør få justert verdivurderingane på husa sine:

– Eit enkelt grep for å unngå å betale for mykje skatt

Med levering av skattemeldinga like rundt hjørnet, der fristen er 30. april – meiner eigedomsmeklar Kjell Einar Hatløy at fleire bør sjekke kva bustadane deira eigentleg er verdt – slik at ein ikkje betalar for mykje skatt.

– Gå gjennom tala: Eigedomsmeklar Kjell Einar Hatløy, som driv W Eiendomsmegling sitt regionkontor i Ulsteinvik – meiner mange privatpersonar som eig bustadar bør ta ein gjennomgang på kva desse eigentleg er verdt. For tala som kjem frå skattemyndigheitene er ikkje nødvendigvis korrekte. – Gå gjennom tala, og i tilfelle ein er usikker – be om ei verdivurdering frå ein fagperson. Ein kan spare mange skattekroner, seier Hatløy.  Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL

Nyheter

Vikebladet Vestposten: Sidan i fjor haust har den erfarne eigedomsmeklaren Kjell Einar Hatløy drive regionkontoret til meklarhuset W Eiendomsmegling i Ulsteinvik.