Gondolsaka i Sula:

Flakk vil ha eit tydeleg politisk signal

5. mai kan bli ein skjebnedato for gondolbana i Sula. Då ønskjer Knut Flakk i Flakk Gruppen eit klart signal om dei får gå vidare med planlegginga.

Ny gondolbane: Etter kommunestyret sitt vedtak i mars om at gondolbana ikkje kunne gå over Molværsbrauta verka det som Knut Flakk heller såg seg om etter andre plassar enn Sula å investere. Men no gir han bana i Sula ein ny sjanse og har sendt ei skisse av ein alternativ trasé til Sula kommune.  Foto: Marius Simensen (arkivfoto)

Nyheter

– Om vi skal gå vidare med reguleringsprosessen ønskjer vi eit tydeleg politisk signal. Derfor meiner vi det er best om kommunestyret 5. mai tek opp vårt siste utspel, seier Flakk til Sunnmørsposten.