Krisemøte i Ålesund måndag:

Skal vurdere nye strenge tiltak for å stoppe smitte

Smittesituasjonen i Ålesund er no så alvorleg at det sannsynlegvis blir sett i verk nye lokale tiltak for å stoppe smitten.

Bekymra: Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) er svært bekymra over utviklinga av koronasmitte i kommunen siste dagane. Arkiv  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

– Det er ein veldig alvorleg situasjon. Vi er i kontakt med FHI og har framskunda krisemøte tidleg i måndag morgon, seier ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund til Sunnmørsposten søndag kveld.