Gondol-konflikten i Sula:

Brukte koronamidlane til å støtte gondol-motstandarar

Den frivillige organsisasjonen Vonløypa har gitt 50.000 kroner til Vern om Sula, som kjempar mot gondolbana på Sulafjellet. - Ei ære, seier leiaren for Vonløypa. Andre reagerer på koplinga.

Vonløypas grunnleggjar: Trygve Holm er kommunestyremedlem for Arbeidarpartiet og styreleiar for Vonløypa. Han ser ingen problem med at Vonløypa støttar Vern om Sula økonomisk.  Foto: Mona Skjong (arkivfoto)

Nyheter

Sunnmørsposten har den siste tida fått ei rekkje tips får innbyggjarar som meiner det blir feil at Vonløypa støttar ein organisasjon som Vern om Sula, som tek tydeleg side i ei betent politisk sak.