Dom i lagmannsretten: Nabo får arve gard

I haust dømde Søre Sunnmøre tingrett i favør for fire arvingar som ville gjere eit testament ugyldig. Saka blei anka, og no har Frostating lagmannsretten kome fram til ein konklusjon.

Arvestrid: Fire arvingar ville kjenne eit testament ugyldig som følgje av at dei meinte den avdøydde ikkje hadde testasjonsevne.  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Saka handla om ein eldre mann på Søre Sunnmøre som i sitt testament oppførte naboen som arving av garden hans. Garden sin verdi var anslått til å vere noko under ein million. Den samla verdien på arva var på 5,5 millionar, og resten skulle gå til hans arvingar etter lova.