Gjennomslag i Nogvafjordtunnelen:

– No er vi ferdig med tunnelsprenginga, som er ein viktig milepåle

Skytebas-vikarane Frida Otterlei, elevrådsleiar ved Haramsøy skule, og Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) fekk æra i å skyte gjennomslagssalva i Nogvafjordtunnelen tysdag ettermiddag.

Gjennomslagssalva: Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), og elevrådsleiar Frida Otterlei ved Haramsøy skule fekk æra i å skyte gjennomslagssalva i Nogvafjordtunnelen. Her saman med bas Bjørn Presthus i Skanska.  Foto: Svein Skeide

Nyheter

Salva vart sprengd 2.502 meter frå Longva og 3.218 meter frå Fjørtofta, og med det er tunneldrivinga på Nordøyvegen ferdig.