Fengsla for andre gong for å ha plaga eksdama

Ein mann i førtiåra, busett i Ulstein, er varetektsfengsla for andre gong i år. Ifølgje politiet har han gjentekne gongar brote forbodet mot å kontakte eksdama.

Fire veker: Møre og Romsdal tingrett har avgjort at ein mannn i førtiåra frå Ulstein skal varetektsfengslast i fire veker.  Foto: Linda Eikrem, Vikebladet Vestposten

Han skal ha sendt eit bilde av kvinna, der ho var påført hitlerbart og gitt underteksta «Hitler»

Frå avgjerda i Møre og Romsdal tingrett
Nyheter

(Vikebladet Vestposten): Mannen vart varetektsfengsla også i slutten av januar i år. Årsaka var gjentekne tilfelle av skremmande, plagsam og omsynslaus åtferd overfor den fornærma kvinna.