Nytt helsehus i full drift:

Her kan du både sjekke helsa, låne bøker eller gå på kafe

Skal du sjekke helsa, låne ei bok, lese dagens aviser eller ha deg eit måltid og møte kjentfolk, då er nye Stella Maris på Vestnes staden. Og når helsa skrantar, er det 64 pasientrom i bygget.
Nyheter

(Romsdals Budstikke:) Det nye helsehuset Stella Maris med ei samla grunnflate på 9000 kvadratmeter er no i full drift. Pasientane frå Vestnes sjukeheim og Tresfjord trygdeheim har flytta inn i topp moderne rom med alt nødvendig teknisk utstyr i dei to øvste etasjane, i første etasje er det bibliotek, kafe, legesenter og kontor for heimetenesta.